fredag 3. september 2010

25 Noregsrekordar frå Ryfylke

Rogalandsdistriktet Ryfylke omfattar kommunane Finnøy, Forsand, Hjelmeland, Kvitsøy, Rennesøy, Sauda, Strand og Suldal. Alle desse kommunane er representerte nedanfor med minst ein Noregsrekord.

1. Størst I: Finnøy er landets største tomatkommune med ein årsproduksjon på over 4000 tonn. 38 % av det samla dyrkingsarealet for tomat ligg under glas i Finnøy kommune (2009) (Kjelde: Finnøy Tomatfestival).

2. Størst II: Noregs største småbåtreiarlag, L. Rødne & sønner, ligg på Kyrkjøy i Finnøy kommune. Det vart grunnlagt i 1956. I dag rår firmaet over 15 båtar, 12 av desse er snøggbåtar som driv ulik skyssverksemd og sightseeing (Kjelde: L. Rødne og sønner).

3. Størst III: Verdas største jærstol står plasert like ved ferjestøa i Hjelmelandsvågen i Hjelmeland kommune. Han vart laga på dugnad av møbelfabrikken Aksel L. Hansson AS, som masseproduserer desse stolane, og to mindre lokale møbelprodusentar i 1999. Han skal vera 4 meter høg. Jærstolane er laga på ei ramme av tre med fletta siv til sete, og er eit tradisjonelt Hjelmelandsprodukt. Det noko misvisande namnet kjem truleg av at sivet til produksjonen vart henta frå Jæren. Denne stoltypen finst mange stader i verda, og er ikkje uvanleg i områda kring Middelhavet. Kommunevåpenet til Hjelmeland framstiller flettverket i setet på jærstolen.

4. Størst IV: Landets største tomatpakkeri (Rennesøy Tomat og Fruktpakkeri) ligg på Østhusvik i Rennesøy.

5. Størst V: Fiskå Mølle i Strand er landets største private kraftfôrkonsern. Berre Felleskjøpet er større.

6. Størst VII: Strand kommune har landets største produsent av juletre (kjelde: Strand kommune).

7. Størst VIII: Førrevassdammen på grensa mellom Suldal og Hjelmeland er Noregs største betongdam. Han er 80 m høy, og har ei lengd på 1,3 km. Ved utbyggjinga vart det nytta nesten 255 000 m3 betong (Kjelde: Energibedriftenes Landsforening).

8. Størst IX: Landets utan tvil største pukkverk vert drive av Norsk Stein på Jelsa i Suldal. Her vert det teke ut 4 millionar tonn stein årleg.

9. Først I: Det var i Finnøy at ekkolodd vart nytta for første gong i samband med fiske. Det var fiskaren Reinert Bokn frå øya Sør-Bokn som tok dette hjelpemidlet i bruk i 1934 (Kjelde: Øyposten 30.04.2009).

10. Først II: I 2006 vart verdas første hummerfabrikk grunnlagt på Kvitsøy. Det er firmaet Norwegian Lobster Farm som satsar på landbasert oppdrett av porsjonshummar. Selskapet er førebels det einaste i verda som driv med eit slikt oppdrett av hummar. Kvitsøy har elles lange tradisjonar med fangst, eksport og sjøbasert klekking av hummar (Kjelde: Norwegian Lobster Farm).

11. Først III: Landets første bedehus skal ha vore Strand bedehus som vart bygd ved Strand kyrkje i 1837. Det er planar om å rekonstruera dette bedehuset (Kjelde: Strand Historie- og Ættesogelag).

12. Først IV: Erik Erikson Bråtveit (1896 – 1972) frå Suldal vart historisk då han vart landets første blinde student i 1921. Etter at han hadde teke teologisk embetseksamen i 1927, vart han også landets første blinde prest. Det skulle likevel gå ei tid innan han fekk eit presteembete, grunna ei gammal forordning frå Christian 5. si tid, som sa at ein prest skulle vera «legemlig lytefri». Men etter kvart gjekk departementet med på å gje dispensasjon frå dette, og biskop Lunde skaffa Bråtveit eit vikariat i Asak kyrkjelyd i Berg sokn. Der vart han så omtykt, at då den faste stillinga vart utlyst, vart han tilsett. Denne stillinga heldt han på i 35 år, like til han gjekk av for aldersgrensa. Han vart heidra med Kongens fortenestemedalje i gull.

13. Einaste I: Landets einaste undersjøiske vegkryss ligg under Talgjefjorden i Finnøy. Det er Finnfast-tunnellen (opna 30.10.2009), som knyter saman Rennesøy og Finnøy, som har fått lagt inn eit vegkryss med ein 1,5 km avstikkar til øya Talgje (Kjelde: Stavanger Aftenblad).

14. Einaste II: Landets einaste rekonstruerte oldtidslandsby, Landa, ligg på Forsandmoen i Forsand. Her er det attreist tre større bygninger etter mønster frå bronsealderen (ca. År 1000 f. Kr.), i tillegg til eit lagerhus. Dette kom som eit resultat av Noregs største arkeologiske utgravning (1980-1994), som dessutan avdekte spora etter landets største samling av oldtidshus, 250 i alt. Dette er fleire enn det som tidlegare var blitt undersøkt i heile Noreg.

15. Einaste III: Førredalen i Hjelmeland er den einaste norske voksestaden for planten skredmjelt. Her veks han på skiferhaldige rasmarker, og er elles berre kjent frå Skottland. Miljøverndepartementet har plukka ut denne sjeldne planten til å vera Hjelmeland kommune sin ansvarsart, og han er naturlegvis freda (kjelde: Miljøvern-departementet).

16. Einaste IV: Noregs einaste bevarte kloster frå mellomalderen, Utstein kloster, ligg på Klosterøy, som er den vestre delen av Mosterøy i Rennesøy kommune. Klosteret vart grunnlagt som augustinarkloster i om lag 1164 og var vigd til St. Laurentius.

17. Einaste V: Tau Mølle i Strand kommune er einaste norske produsent av puffa ris, havre og kveite.

18. Flest I: Øykommunen Finnøy er sannsynlegvis den kommunen i landet som har flest busette øyer, i alt 16. Følgjande øyer er registrert med fast busetnad: Finnøy, Sør-Talgje, Fogn, Sør-Bokn, Måløy, Byre, Halsnøy, Ombo, Nord-Hidle, Bjergøy, Aubø, Eriksholmen, Kyrkjøy, Tjul, Nord-Talgje og Helgøy.

19. Flest II: Hjelmeland er den kommunen i landet som har suverent flest av sine innbyggjarar som medlemmar i Den norske Turistforening. Heile 12% av hjelmelandsbuane har meldt seg inn i DNT.

20. Lengst: Noregs (og verdas?) lengste trapp går frå Fløyrli i Lysefjorden (Forsand) og 780 meter opp til ei demning som ein gong i tida forsynte Stavanger med kraft. Trappa skal vera på 4444 trinn (Kjelde: Forsand kommune).

21. Høgast: Europas høgaste foss, målt i fritt fall, skal i følgje World Waterfall Database, vera Kjeragfossen i Forsand. Han har ei høgd på 715 meter, men fossen har ofte særs lita vassføring og kan stundom også tørka heilt opp. Av den grunn er det ikkje alle som tek Kjeragfossen med på listene over norske fossar.

22. Minst: Kvitsøy er den minste kommunen i landet i areal (6,16 km²).

23. Sørlegast: Noregs sørlegaste isbre er ein liten bre på fjellet Skaulen mot Heiabotn i Sauda (Kjelde: Stavanger Turistforenings Årbok 1997).

24. Nordlegast: Den nordlegaste utandørs palmehagen i verda ligg på øya Sør-Hidle i Strand. Det er tropehagen Flor og Fjære som har greidd å dyrka fram desse palmane i tillegg til ei mengd andre eksotiske vokstrar.

25. Høgast: Oddatjørndammen i Suldal er med sine 142 meter Noregs høgaste steinfyllingsdam.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar