fredag 6. august 2010

16 bøker som er blitt forbodne i Noreg i fredstid

Dersom ein ser bort frå den omfattande boksensuren som okkupasjonsmakta påla oss under den andre verdskrigen, er det nok spesielt to forbodne bøker dei fleste nordmenn vil kjenna til. I alle fall dei som har levd ei stund. Den eine er Agnar Mykle sin roman Sangen om den røde rubin som kom ut i 1956. Med bakgrunn i seksualskildringane vart boka forboden i 1957, men frigitt att i 1958. Fleire vil nok også nemna Jens Uten en tråd av Jens Bjørneboe. Denne romanen vart forboden i 1967, også denne grunna dei seksuelle skildringane. Ingen av desse bøkene er likevel eineståande i norsk sensurhistorie, noko den følgjande lista vil syna. Rett nok har ikkje alle bøkene nedanfor hatt den same pirrande spenninga ved seg som de to nemnde romanane, og det er nok kanskje derfor mange av bøkene i denne lista ikkje vert hugsa lenger.

1. Grøndalen, Anders Andersen: Sendebrev fra Bonden Anders Andersen Grøndalen til alle Europas Atheister, Dæister, Naturalister etc. Christiania 1800.
Grøndalen, som kalla seg sjølv „en simpel Bondemand“, hadde sett seg lei på fornuftsdyrkninga og fritenkninga som bana seg fram på den tida, og meinte at prentefridomen hadde gått for langt. Derfor forfatta han denne boka for å kritisera filosofar som Kant og Voltaire og elles alt som gjekk mot hans eige syn på religiøse saker. Så langt er alt greitt. Men når han i den samme kritikken tek med seg kong Christian 7., som han meinte hadde tillete altfor stor ytringsfridom, sørgde han for at boka vart stogga før ho kom ut. Paradoksalt nok greidde han med dette å passera grensene for den trykkefridomen han sjølv ønskte å innskrenka. Det finst visstnok ingen eksemplar av boka lenger, slik at rettsprotokollane er den einaste kjelda me har når det gjeld innhaldet av henne.

2. Hauge, Hans Nielsen: De Eenfoldiges Lære og Afmægtiges Styrke, der underviser, hvorledes vi skal være som Børn, naar det angaaer vor egen Ære og timelige Skade; men mandige og stærke, naar det gielder Guds Ære og hans Kirkes Skade. Udgivet af det svage Ler-Kaar, for Kraften er Guds, Hans Nielsen Hauge, Kjøbmand i Bergen. Christiansand 1804.
Dersom det nokon gong hadde vore på tale å forby bøker fordi dei hadde for lange titlar, hadde dette vore ein grei stad å starta. Men her var det nok verken boka eller tittelen som var problemet, men Hauge sjølv. Etter at Hans Nielsen Hauge vart fengsla i 1804 for det som vart sagt å vera krenkingar av Konventikkelplakaten av 1741, gjekk det i 1805 ut ein ordre om at alle som hadde motteke skrifter av Hauge måtte levera desse tilbake. Dei skulle då forvarast hjå styresmaktene til saka mot han var blitt avgjort for „at standse de skadelige Følger, en videre Udbredelse af ovenmeldte Skrifter kunde medfølge“. Før denne pålegget vart send ut hadde Hauge og venene hans gitt ut 19 ulike skrifter. Det synte seg at desse var komne ut i heile 59 utgåver, noko som førde til at styresmaktene fikk nok å gjera. Slik sett får „De Eenfoldiges Lære“ frå 1804 berre stå som eit døme på alle desse.
Hans Nielsen Hauge vart endeleg frikjend den 23. desember 1814, og to år etter vart inndraginga av skriftene hans oppheva.

3. Krutzkoff, Moses Jacoakovski: Denne bog indeholder en Offentliggjørelse af Dokumenterne i Sagen mellem Moses Krutzkoff og Overrettssagfører Georg Sverdrup, Sorenskriver Erlandsen m.fl. Embedsmend i Norge. Tønsberg 1883
Ca. 1877 kom den polske jøden Krutzkoff via Sverige til Noreg. Her reiste han ein del rundt og selde klokker og gullsmedvarer. Medan han var i Nord-Noreg vart han meld for underslag av urhandlaren Marcus Pabst og vart i 1879 dømd til soning på vatn og brød i 5 dagar, i tillegg til å betala saksomkostningane. Krutzkoff anka like til Høgsterett der dommen vart auka til 10 dagars fengsel. Då let Krutzkoff harmen sin gå ut over dei norske styresmaktene og gav ut to småskrifter der han klaga Markus Pabst og overrettssakførar Sverdrup for dokumentforfalsking. Andre embetsmenn fekk også gjennomgå. Sverdrup melde han for trugsmål, men saka vart lagt bort. I 1883 gav derfor Krutzkoff ut ei bok på 160 sider der han refererte alle saksdokumenta samstundes som han tok opp att klagemåla. Bøkene vart beslaglagde av politiet i Tønsberg nokså raskt etter publiseringa og vart lagra på loftet i rådhuset i Tønsberg før dei vart brende i 1924. Nokre få eksemplar finst framleis, m.a. ved Universitetsbiblioteket i Trondheim.

4. Jæger, Hans: Fra Kristiania-Bohêmen. 2 bind. Kristiania 1885.
I denne boka ville Jæger syna korleis kjønnsmoralen på den tida virka øydeleggjande for unge og evnerike menneske. Skildringane i boka var litt for naturalistiske for styresmaktene og berre ein time etter at ho var komen på marknaden var ho grundig beslaglagt. Jæger vart dømd til både bot og arrest i 80 dagar for blasfemi og for krenking av moralen. Då han slapp ut av arresten selde Jæger ein del eksemplar han hadde berga frå å bli inndradde. I tillegg hadde han 300 eksemplar av første bind liggjande på eit loft. Han fekk laga nytt omslag og tittelblad på desse og drog til Sverige for å prøva å selja bøkene der. Sjølv om bøkene no hadde fått den uskuldige tittelen „Julefortællinger“, greidde han ikkje unngå at boka ble beslaglagt også der og Jæger vart på ny tiltala i Noreg. Denne gongen vart det 150 dager i kasjotten. Ti år etter, i 1895, gav Jæger ut ei „rensa“ utgåve av Kristiania-Bohemen. Den originale og inndregne utgåva skal visstnok ikkje vera så særs sjeldan idag. Men skulle ein kome over ei utgåve av „Julefortælinger“ er dette ein langt større sensasjon.
I 1950 kom det første uendra opptrykket av Kristiania-Bohêmen, og sidan har det kome fleire utgåver.
Seinare fekk han gitt ut tre bøker i Frankrike som også vart forbodne i heile Skandinavia: Syk Kjærlihet (Paris 1893), Bekjendelser (Lorient 1902) og Fængsel og Fortvilelse som eigentleg var del 2 og 3 av Syk Kjærlihet.

5. Beinigen, Ole Ingvald Marius: Kristiania Bohêmen paa eventyr. Første aften. En promenade paa Carl-Johan og den følger. Novelle af Olaf Bernick. Kristiania 1886.
Bohemrørsla vart sett på som eit opprør mot samfunnet på den tida. Bohemane sin livsførsel braut radikalt med det som var rådande, samstundes som dei målbar ein samfunnskritikk som virka trugande på styresmaktene. Sjølv om bøkene til Hans Jæger vart råka av det gjengse synet på moral, kan ein ikkje sjå bort frå at dette også kunne vera eit vikarierande motiv til å beslagleggja bøkene som sprang ut frå krinsen rundt Kristianiabohemane.
Slik gjekk det også med den vesle boka „Kristiania Bohêmen paa eventyr“, skriven av den tidlegare telegrafisten Ole Ingvald Marius Beinigen og prenta i 1100 eksemplar. Boka vart aldri seld gjennom bokhandlarane. I staden vart ho marknadsført på kontor, i butikkar og kring om på dørene av bokseljarar eller kolportørar både i og utanfor Christiania.
10 dager etter at boka kom ut vart ho beslaglagt. Byfogden fekk tak i 50 eksemplar frå bokhandlar M. Askeland som nekta å fortelja det rette namnet på forfattaren, men tok på seg det juridiske ansvaret for publiseringa. For dette vart bokhandlaren dømd av Høgsterett same år, medan forfattaren sjølv stakk av til Stockholm. Der fikk han utarbeidd ei svensk utgåve han hadde omsett sjølv, „Kristiania-Bohêmen på äfventyr“. Etter dette vart han straks arrestert etter lausgjengarparagrafen og send heim til Noreg att, der han vart idømd bøter, m.a. for „usømmelig skrivemaade“.
Det finst eit eksemplar i Nasjonalbiblioteket av den norske utgåva, medan Universitetsbiblioteket i Trondheim har eit eksemplar av den svenske.

6. Krohg, Christian: Albertine
Den kjende norske målaren Christian Krohg kom heim med manuskriptet til „Albertine“ etter eit opphald i utlandet. Då han kom heim fekk han oppleva suksessen og oppstusset kring Hans Jæger og „Fra Kristiania-Bohêmen“ og vart med dette inspirert til å leggja til fleire og meir realistiske kapittel til sitt eige manuskript. For å gardera seg mot sensur og beslaglegging hadde han vore på visitt hjå justisministeren for å høyra om delar av boka kunne vera juridisk omstridde. I så fall var Krohg viljug til å omarbeida desse avsnitta. Men statsråden meinte dette ikkje var naudsynt og boka vart gitt ut slik ho var. Derfor vart overraskinga stor då boka likevel vart beslaglagt dagen etter at ho kom ut. Årsaka skulle vera at ho „krenket blufærdigheden“. Dei som då hadde nådd å kjøpa boka og såleis fekk lesa henne, stilde seg heilt uforståande til dette, og meinte at den eigentlege grunnen var at Krohg hadde nytta ein av dei høgare politiembetsmennene i Christiania som modell for politifullmektig Winther. Protestane spreidde seg og vart etter kvart til ein storm. Likevel stod inndraginga ved lag, Krohg vart dømd til bøter og boka vart brend. I tillegg vart „Verdens Gang“ for 19. oktober 1887 beslaglagd, sidan denne utgåva av avisa inneheldt den forsvarstala Krohgs heldt i Høgsterett. Dommen sette og stopp for alle framtidige nye opplag.
Boka vart ikkje gitt ut på ny av eit norsk forlag før i 1967, då Gyldendal gav ho ut i Lanterne-serien saman med den beslaglagde forsvarstalen. Men salgsforbodet hadde i praksis vore oppheva sidan 1920, då det låg føre ei dansk utgåve som også vart lagt ut for sal i norske bokhandlar.

7. Stenrud, Kristian Andreassen: Kristiania ved Nat og Dag eller bort med Sløret. Fortællinger om mystiske Forhold i Kristiania af. Kr. Stenrud. Kristiania 1886-1887
Forfattaren hadde ei fortid som politikonstabel i Christiania og hadde tidlegare det same året gitt ut boka „Politimysterier“. Denne boka kom i 2 deler á 6 hefter, der hefte 5 i del 2 vart beslaglagt av politiet. Den same lagnaden fekk „Kristiania ved Nat og Dag“ som var eit framhald av „Politimysterier“. Her var det hefte 3 og 6 som vart inndregne, delvis sidan deler av innhaldet vart sett på som usømelege, men også av di heftene inneheldt grove skuldingar mot fleire høgare embetsmenn i Christiania-politiet. Forfattaren vart idømd bøter for begge hefta i to ulike dommar i byretten.
I 1887 gav han også ut „Fortællinger om Livet i Kristiania fra 1624-1887“ i 6 hefte. Her vart også fleire av hefta inndregne av politiet. I tillegg står Stenrud truleg bak skriftet „Fra Kristiania-Bohêmens Verden eller Afsløringer fra de høiere Samfundslag af en Sædelighedsven udenfor Foreningen“ som kom ut i hefte det same året. To av desse hefta vart også stogga. Vidare kom det ut tre hefter i 1887-88 med tittelen „Kristiania-mætressene eller Skandalehistorier fra nutiden“ med forfattarnamnet Mikkel Lurehol på omslaget. Dette er utan tvil eit pseudonym og det skulle ikkje forundra meg om det var Kristian Stenrud som var ute med skriveria sine nok ein gong. Og då kjem det nok som inga overrasking at også desse hefta vart inndregne.

8. Hansen, Kristoffer Ragnvald: Hvor længe skal det taales? Hentydinger til vort Retsvesen, med Aftryk af flere Dokumenter. Af K. R. Hansen. Kristiania 1887
Mange elskar ein god krangel. Og mange nektar å gje seg sjølv om dei veit dei har tapt. Særleg dersom ein er utdanna typograf og såleis har eit lettvint høve til å setja synspunkta sine på prent. Slik var det med K. R. Hansen som i 1884 gifta seg med den økonomisk attraktive enka Eli Ellefsen. Som gift med henne gav han lensmann Peter Christian Sandberg ansvaret for å selja sin del av garden Seter i Kongsvinger det same året. Men han kom etter kvart i strid med Sandberg sidan han meinte at lensmannen tok seg betalt for ting som ikkje hadde med sjølve salet å gjera. Hansen klaga til styresmaktene, men klagemålet førte ikkje fram. Dermed forfatta han denne boka der han kom med harde åtak mot lensmannen, så harde at boka vart beslaglagt av politiet. Såvidt ein veit vart ikkje forfatteren meldt til politiet for boka.

9. Kristiania-romanen. Sjildrende fortællinger av hovedstadens nyeste og mest yndede forfattere. Lillestrøm 1891
Boka „Kristiania-romanen“ var på heile 504 sider og inneheldt 75 lengre eller kortare stykke, medrekna eit par dikt. Boka vart gitt ut i 1891 i samarbeid med Kristiania-avisa „Morgengryet“ og vart prenta i 10 000 eksemplarer. Somme av desse vart selde på vanleg vis, men dei fleste vart delte ut til „Morgengryet“ sine tingarar, som fekk boka i staden for nummer 34 av avisa. Kort etter vart boka beslaglagt etter ordre frå riksadvokaten og politiet greidde å samla inn att heile 8042 eksemplar. Redaktør Jon Flatabø nekta å gje opp namna på nokon av forfattarane som, med nokre få unntak, enten var anonyme eller skreiv under pseudonym. Flatabø vedgjekk å ha skrive ein del av stykka sjølv, og han vart sett under tiltale og dømd i lagretten i 1892. Etter å ha anka til Høgsterett vart han dømd til husarrest i 60 dagar i tillegg til at beslagleggjinga skulle stå ved lag. Årsaka til dette var at boka bl.a. inneheldt stykke som „Grove elskovssprøit i Slotsparken“, „Jenta og nattefrierne“ og „Grov usædelihet paa bygden“. Innholdet i desse og ein del andre bidrag vart for mykje for den offentlege moralen.

10. Jensen, Ole: I Politiklør eller Kjøbmand Ole Jensens Viderværdigheder i Vika og Oplevelser i Møllergaden Nr. 19. Kristiania [1902?]
Forfatteren selde vin og sigarar i Kristiania, delvis ulovleg. Han vart ilagd bøter for dette fleire gonger, og til slutt var bøtene oppe i 800 kroner, ein svimlande sum på den tida. Ole Jensen kunne ikkje og ville ikkje betala så mykje, og han måtte såleis inn på vatn og brød. Etter soninga skreiv han denne boka som inneheldt kraftige skuldingar mot politiet. Og som ein måtte venta vart boka beslaglagt. Etter det var boka ukjent heilt til ho dukka opp i eit antikvariat i 1938 der ho vart kjøpt av høgsterettsadvokat Arthur Skjelderup. Då han døydde vart dette eksemplaret donert til Universitetsbiblioteket i Oslo. Det kom kan hende ut eit framhald av boka til Jensen, men noko slik bok ser i så fall ikkje ut til å eksistera lenger.

11. 1911: Andersen, Hans Louis: Falden blandt Røvere. Et mørkt blad av Norsk rets- og kriminalhistorie. Fhv. Missionforstander Hans Louis Andersens økonomiske kamp mot sakførere, retsmyndigheter og sindssykelæker [sic] for at redde sine eiendele og fri sig fra indespærring paa sindssykeasyl for alltid. Kristiania 1911
Dersom me no har meir pust att, kan me kanskje også sitera det som står på omslaget av denne boka på 291 sider, og som kan hende røpar innhaldet endå tydelegare: Falden blant Røvere. Grufuld flaaeraffære i Kristiania. O.r.sakfører Olaf A. Søberg og skiftefuldmægtig Stian Bech m. fl. Plyndrer, retsforfølger og vil gjøre sindssyg fhv. Missionsforstander Hans Louis Andersen. Benytter løgnaktige anmeldelser og vidneforklaringer. Statskassen betaler Andersen 1500 kr. For uberettiget forsøk paa at faa ham erklæret sindsyk og samfundsfarlig og anbrakt i sindssykeasyl. Forfatterens Forlag. Pris kr. 1,70.
Det kunne jo ikkje gå bra. Forutan dei personane som vert nemnde på omslaget vert også fleire innan politi og rettsvesen omtala på eit temmeleg utilbørleg vis. Boka vart grundig beslaglagt før nokon fikk høve til å lesa alle klagemåla til Andersen.

12. Fett, Harry Per: Guder og mennesker. Døde røster. Ny samling. Kristiania og Kjøbenhavn 1912
Harry Fett (1875-1962) som med tida vart ein særs framståande kunsthistorikar og kulturfilosof, starta forfattarskapen sin i 1911 med boka Døde røster, som han publiserte anonymt. Etter denne kom Guder og mennesker (1912) som også vart gitt ut anonymt. I denne boka kan ein lesa om to fingerte personar, ein universitetsstipendiat og ein agent. Desse to diskuterer ein annan stipendiat som skal vera „den mest pøbelaktige mann i landet [...] Hans tale er en veldig foss av skjellsord og injurier. Han er en ren mistbenk for pøbelaktighet“.
Historikar og dåverande stipendiat Macody Lund skjøna raskt at det var han dette var mynta på og kravde at boka vart forboden sidan han fann dette ærekrenkjande. Forbodet vart då også i desember det same året, og han saksøkte i tillegg Gyldendalske Boghandel for å få restopplaget konfiskert. Retten gav dessutan Lund medhald i at grensene for adgangen til å nytta ein levande modell i eit litterært verk var overskriden i dette tilfellet. Dermed vart restopplaget beslaglagt og øydelagt. Idag finst det nokre eksemplar ved Universitetsbiblioteka i Bergen, Trondheim og Oslo.

13. Sørby, Anders Christiansen: Min livshistorie. Av And. Chr. Sørby Forhenv. Sogneprest til Velfjord. Porsgrunn [1931]
Anders Chr. Sørby hadde fungert som sokneprest i Velfjord i Søndre Helgelands prosti frå 1906, men hadde nokså tidleg fått kyrkjelyden mot seg. Fleire ganger sende soknerådet, formannskapet og kommunestyret inn klage på han til biskopen fordi han vore uhøvisk både ovafor kyrkjelyd og konfirmantar. Sidan dei følgjande samtalane med prost og biskop ikkje såg ut til å ha nokon verknad på han, vart han beden om å gå frå stillinga. Dette ville ikkje Sørby vera med på, og etter kvart som tilhøva stadig vart verre, vart han suspendert av Regjeringa i 1912 og til slutt formelt avsett ved dom i 1917. Etter å ha skrive ferdig ei bok på 186 sider i januar 1931, fann han ut at ho vart for kort til å få fram det han meinte. Han byrja såleis på ei utvida utgåve på 376 sider som var ferdig i juni same året. I begge bøkene omtala han mellom anna saka mot han og fleire av de involverte personane på ein slik måte at styresmaktene fann det best å stogga salet og konfiskera restopplaget.

14. Neegaard, Signe: Massøsen forteller. Små avsløringer av Eva. Oslo 1934
Signe Neegaard var frisørdame i Oslo og eigar av Ramona Damefrisérsalong. Hun let seg inspirera til å skriva denne vesle boka (61 sider) „av det avisene i det siste har skrevet om massøsene, [derfor] har jeg notert ned disse tildragelser“. Omslaget synte ei ung dame i profil, kledd berre i ein morgonkjole som var trekt til side. Då Berliot Kittelsen i Morgenposten fekk eit eksemplar ho skulle melda, gjorde ho nettopp det – men til politiet. Opplaget vart beslaglagt og forfattaren gjekk med på at boka skulle trekkjast tilbake for å sleppa rettssak.
På ein bokauksjon i 1939 fikk J. W. Cappelens Antikvariat tilslaget på eit eksemplar som hadde unngått klørne til politiet. Boka skulle formidlast vidare til ein kunde i Trondheim. Men kunden fekk aldri boka fordi politiet kom og beslagla eksemplaret. Det er truleg første og siste gongen ei bok har blitt konfiskert på ein bokauksjon her til lands.

15. Bergsvik, Arne: Vi er ikke forbrytere. Oslo 1950
Boka var eit åtak på rettsoppgjeret etter krigen, noko som i seg sjølv kunne innehalda mykje sprengstoff for eit folk som hadde prosessane mot dei såkalla landssvikarane så tett på og nært i tid. Men hovudankemålet mot boka var ein del påstått ærekrengande skuldingar mot fleire embets- og tjenestemenn. Forfattaren vart derfor tiltala og arrestert 26. september 1950. Samstundes vart ei anna bok av ein annan forfatter klaga for omlag dei samme tilhøva. Det galdt boka „Dømmer ikke“ av Oliver Hansen Langeland. Etter dom i lagretten av 9. desember 1950 vart Langeland frifunnen, men somme av dei skuldingane han hadde retta mot namnkjende personar vart trekt attende og boka vart inndregen. Den same lagnaden fekk også bok til Bergsviks, og i tillegg vart forfatteren idømd ein fengselsstraff på 60 dagar. Begge anka, men bortsett frå at Bergsvik fekk sett ned straffa til fengsel i 30 dagar, vart inndraginga av bøkene ståande ved lag.

16. Lefèvre, Agnes og Ernestine: Blokk 7. Daglig liv i „Kjærlighetsredet“ i en tysk konsentrasjonsleir. Oversatt fra fransk etter originalmanuskript. Oslo 1954
Boka inneheld det som skal vera autentiske skildringar av dei erotiske opplevelingane til to unge søstre i ein tysk konsentrasjonsleir under den andre verdskrigen. Det synte seg at namnet på dei to søstrene som skulle ha forfatta boka var eit pseudonym og det vert spekulert i om boka var omsett frå fransk i det heile. Boka vekte stor oppsikt og vart sett på av mange som særs spekulativ. Derfor valde forlaget, Brann forlag i Oslo, å trekkja ho attende. Trass i dette vart det sett i gang etterforskning kring boka. Ho vart nemleg oppfatta som så grisete at ein ville prøva å finna fram til den rette forfattaren i fall han likevel var norsk. Restopplaget på 48 bøker vart konfiskert og eit eksemplar vart send til politiet i Danmark dersom den eigentlege forfattaren skulle finnast der. I tillegg vart eit eksemplar innlema i samlingane til Kriminalmuseet ved Oslo politikammer. I 1960 vart saka lagt bort utan at ein hadde funne ut kven forfattaren var. Likevel valde politiet å destruera dei resterande 46 eksemplara.

Kjelde: Arthur Thuesen: Beslaglagte og supprimerte bøker vedrørende Norge. Gyldendal 1960

1 kommentar:

  1. Hva om man eier en sånn nr 16? Er den fortsatt forbudt?

    SvarSlett