søndag 22. august 2010

15 Noregsrekordar frå Sunnfjord

Sunnfjord i Sogn og Fjordane omfattar kommunane Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. I tillegg tek eg med Bremanger kommune, som ligg både i Nordfjord og Sunnfjord.

1. Først I: Nordens første aluminiumsfabrikk vart bygd i Stongfjorden i Askvoll i 1908. Han vart driven av British Aluminium Company (BACO) fram til 1945.

2. Først II: Ingolfr Arnason (født ca. 840 e. Kr.) var den første nordmann som busette seg på Island, i 874. Han kom frå Rivedal på nordsida av Dalsfjorden i Askvoll.

3. Vestlegast I: Bulandet i Askvoll er Noregs vestlegaste busette øygruppe og fiskevær.

4. Vestlegast II: Noregs vestlegaste isbre vert rekna for å vera ein liten bre ved Kjeipen på grensa mellom Bremanger og Flora kommunar, vest for Ålfotbreen.

5. Vestlegast III: Florø er landets vestlegaste by.

6. Størst I: Den største nynorskavisa i landet, Firda, kjem ut i Førde. Nettoopplaget for 2008 var på 13 875.

7. Størst II: Den største sildefangsten som er dokumentert her til lands, vart truleg gjort i Vallestadvågen på øya Askrova i Flora i 1936. Her reknar ein med at innpå 200 000 hektoliter var blitt innestengd i vågen, og 100 000 – 120 000 hektoliter av dette vart teke opp. Då dei etter nokre dagar oppdaga at silda slapp unna gjennom ei undersjøisk gleppe i berget, vart det sendt ned dykkarar for å mure holet att med stein. Silda vart så håva opp i vekesvis.

8. Størst III: Verksemda Airlift i Gaular er Nordens største helikopterselskap for trafikk på innlandet. Dette er også det einaste norske selskapet som opererer redningshelikopter på statleg kontrakt (Kjelde: Airlift AS).

9. Størst IV: Det største luftslaget i Noreg under den andre verdenskrigen stod over Naustdal tre månader før frigjeringa i 1945. På denne tida vart det drive jakt på tyske krigsskip og konvoiar langs norskekysten, og den 9. februar oppdaga eit britisk rekognoseringfly at fleire tyske krigsskip hadde gøymt seg i Førdefjorden (no i Førde kommune). Då skipa merka at dei var oppdaga, spreidde dei seg, m.a. til Frammarsvik i Naustdal. Det vart sendt av garde 42 fly frå Skottland som gjekk til åtak på den tyske flåten , og det harde slaget som utvikla seg kunne merkast over store deler av Sunnmøre. Det vart størst tap for dei allierte, men sjølv om mange av trefningane gjekk føre seg i nærleiken av bustadområde, vart ingen sivile skadde. I Frammarsvik i Naustdal ligg det eit luftkampmuseum som skal dokumentera dette slaget. Her finn ein m.a. bilete frå slaget og deler frå havarerte fly.

10. Høgast: Hornelen lengst øst på Bremangerlandet er Nord-Europas høgaste sjøklippe. Ho hevar seg 860 meter rett opp av sjøen og er eit kjent landemerke for skip og båtar som seglar forbi.

11. Einaste: I Fjaler ligg det som i skrivande stund er den einaste norskeigde skifabrikken, Åsnes skifabrikk AS. Han vart starta i 1922, og har i dag firmaet Skigutane AS på Voss som hovudeigar. Den andre norske skifabrikken, Madshus på Biri, er eigd av firmaet K2 i USA.

12. Lengst I: Noregs lengste skulptur, Laksen, ligg ved elva Jølstra i Førde. Han er 65 meter lang og er laga av kunstnaren Jørn Rønnau. Han vart sett opp i 1989.

13. Lengst II: Det 7 mil lange Gaularvassdraget skal vera det lengste vassdraget som er verna i låglandet her i Noreg. Det vart varig verna i 1993 etter ein av dei hardaste stridane kring vassdragsvern me har hatt her til lands.

14. Eldst: Landets eldste laksetrapper finn ein ved Osen i Bygstad i Gaular. Irske William T. Potts tok initiativet til bygging av trappa, som stod ferdig i 1871, mot avtale med bøndene om at han skulle få fiska fritt i 25 år. Laksetrappa er truleg også den tredje eldste i verda (Kjelde: Reisemål Sunnfjord).

15. Flest: Jølster har truleg noregsrekord i meieri. Fram til krigen hadde det vore 26 meieri i drift i kommunen. Meir enn 20 av desse var i drift samstundes!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar