onsdag 7. juli 2010

Noregs 10 mest brukte boktitlar

Kjennarar av såkalla kiosklitteratur vil nok ha merka at det er somme boktitlar som har ein tendens til å gå att – eller som i det minste virkar ganske kjende. Som regel skuldast dette ein omfattande mangel på fantasi frå forlaga og omsetjarane si side. Ofte blir ein originaltittel som etter alt å døma er nøye gjennomtenkt av forfattaren, gitt ein til dels tanketom norsk tittel.
For å finne ut kva titlar som var dei mest brukte på norsk, måtte eg gjennom ein lang og trøyttande prosessen med å gå gjennom kvar einaste boktittel som var komen ut på norsk. Etter kvart utkrystalliserte det seg ein del gjengangarar, og eg måtte snart innsjå at min eigen favoritt, Uten nåde, kom til å hamna langt nede på lista. Det var lett å sjå at min eigen hug til hardkokt spenning vart utkonkurrert av det store temaet i norskspråkleg litteratur: Slekta. Dette temaet er tydeleg reflektert i innehavarane av dei to øverste plassane på lista, og det er nok heller ikkje siste gongen disse titlane blir brukte.
Under arbeidet med denne oversikta slo det meg at det kunne vera et artig emne for boksamlarar å prøva å skaffa seg så mange ulike bøker som råd med same tittel. Sjå gjerne føre deg 32 bøker med tittelen «Arven» ståande side ved side i bokhylla. Til hjelp for eventuelle slike samlarar vil ein finna ein bibliografi
her.

1. Arven (32)
2. Blodsbånd / Blodets Bånd (31)
3. Dobbeltspill (27)
4. Høyt Spill /Høgt Spel (24)
4. Øye for øye (24)
6. Den Fremmede / Den Framande (23)*
7. På flukt (22)
7. Hjemkomst(en) (22)
9. Hemmeligheter (21)
9. Dobbeltgjengeren (21)

* Dersom me også tek med dei fire bøkene med tittelen «De Fremmede» er me oppe i 27!
Den vidare rekkjefølgja er:

20 titlar:
Hjertets stemme / Hjertets røst
Forfulgt

19 titlar:
Hevnen
Avsløringen

18 titlar:
Hemmeligheten
Flukt

17 titlar:
Farlig oppdrag
Oppgjørets time
(I) grenseland

15 titlar:
Forrådt
Forbudt (Forbuden) kjærlighet / Forboden kjærleik
Mellom to menn
Mot alle odds
Mistenkt
På livet løs

14 titlar:
(Et) Farlig spill
Hevnen er søt
Ingen vei tilbake
Lengsel
Skygger fra fortiden

13 titlar:
Arvingen
Evig din
(I) Hemmelig oppdrag
(Et) nytt liv
På dypt vann

12 titlar:
Bortført
Gjensyn(et)
Møte med fortiden
Sannhetens time
Sannhetes øyeblikk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar