søndag 11. juli 2010

8 planter som er funne berre i Noreg

Endem er eit omgrep som vert nytta om ein dyre- eller planteart som berre er funne innanfor eit einskild land eller eit avgrensa område. Her kjem ei liste over 8 norske endeme planteartar, dvs. artar som ikkje er funnet andre stader enn her i Noreg. Men dette treng sjølvsagt ikkje bety at desse plantene ikkje kan finnast andre stader i verda. Særleg når det gjeld lav og sopp kan det godt vera at floraen i andre land ikkje er fullstendig undersøkt med omsyn til desse artane. Og det finst faktisk endå fleire norske endeme artar av både lav og sopp. Her er det berre gjort eit utval.

1. Smalasal (Sorbus lancifolia Hedlund) er et sjeldant treslag som berre finst i Alstahaug og Nesna kommunar i Nordland. Kjerneområdet er i Tomma i Nesna. Elles finst det ein underart, f. sognensis i Hyllestad i Sogn.

2. Nordlandsasal (Sorbus neglecta Hedlund) er kan henda endå mindre utbreidd, sidan den einaste førekomsten i verda av dette treslaget finst i Bindal kommune i Nordland. Det finst også endå to artar asal som skal vera til stades berre i Noreg, sørlandsasal (Sorbus subsimilis) og småasal (Sorbus subarrenensis). Begge kan finnast på spreidde lokalitetar i Sør-Noreg.

3. Dovreløvetann (Taraxacum dovrensis Dahlstedt) finn ein berre på Dovre. Det skal elles veksa heile 240 ulike artar løvetann her i landet!

4. Knutshørapp (Poa stricta Lindeberg) er ein art gras som også berre finst i Dovreområdet.

5. Fjellbjørklav (Parmeliopsis esorediata Degelius). Det skal vera ca. 40 arter lav som til no berre er funne her i landet, og fjellbjørkelaven får stå som representant for desse. Denne laven vart oppdaga i Setesdal i 1955 og er kjend frå 22 stader i det søraustlege Noreg. Arten er plukka ut som ein art Noreg har eit spesielt forvaltningsansvar for. (kjelde: Botanisk Museum, Tøyen).

6. Oligoporus hydnoidea Gaarder & Ryvarden. Dette er ei kjuke (sopp som veks på daude tre) som ikkje har fått noko norsk namn enno. Arten vart oppdaga i Vestfold i 1997, og er sidan funnen på ei handfull norske lokalitetar.

7. Lindeslørsopp (Cortinarius tiliae Brandrud). Som namnet seier er dette ein sopp som finst i samband med treslaget lind. Arten er berre funnen på to stader, nemleg på Løkkåsen i Bærum og på Bygdøy i Oslo. Men på desse to lokalitetane skal det derimot vera rimeleg mange av han.

8. Dysterhette (Mycena austera Aronsen) er ein sopp som vart funnen for første gong i 1991 på Torød i Nøtterøy, og dette er framleis den einaste kjende lokaliteten i verda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar