mandag 12. juli 2010

6 norske dyre-"sister"


1. Den siste svartrotta
Mange har nok høyrt soga om korleis brunrotta (Rattus norvegicus) utkonkurrerte den svarte rotta (Rattus rattus) her i landet. Dermed sit kanskje også mange med den oppfatninga at svartrotta opphavleg høyrte til i norsk fauna før ho vart trengt bort av den meir suksessrike brunrotta. Det er nok ikkje tilfelle. Svartrotta spreidde seg kring om i Europa først om lag år 1000 e. Kr. Peder Claussøn Friis skriv på slutten av 1500-talet at ho var komen her til lands med skip. At ho har vore mest utbreidd i tettstadane tyder også på det. Svartrotta var aldri vanleg i Noreg og det minka på arten etter kvart som brunrotta spreidde seg. Den opprinnelege rottestamma heldt seg lengst i områda kring Kongsberg, der svartrotta var relativt vanlig heilt til utpå 1870-tallet.
Den siste kjende svartrotta av den gamle norske populasjonen vart drepen på garden Dyrmyr utanfor Kongsberg, men arten fantest nok her heilt til byrjinga av det 20. hundreåret. Seinare har ho dukka opp i nokre få kystbyar, venteleg etter å ha blitt ført dit med skip. Blant anna vart ho funnen i Bergen i 1911, og i 1910 fantest det ein innført bestand som heldt seg i Nylands verksted. Og under krigen 1940-45 dukka ho opp kring om i tyske garnisonar og depot, sannsynlegvis innført med fôr eller proviant frå Søraust-Europa. Det kan nok framleis henda at ho syner seg i norske hamnebyar, men ho forsvinn alltid raskt igjen. Siste sikre funn av svartrotte i Noreg var i Bergen 1961. Den næraste faste bestanden i Norden er i hamnekvarteret i København.

2. Den siste klippedua
Klippedua (Columba livia) heldt til i klippeveggane på øyer i Ryfylke, særleg Rennesøy. Her var det store koloniar fram til midten av 1800-tallet. Arten var så talrik her at ein jeger kunne skyta 70 duer på eit par dagar, iflg. Collett i 1894.
Klippedua var ein standfugl som oppsøkte åkrane på fastlandet i vinterhalvåret. Men kring 1860 var det berre få individ att. Resten var blitt utrydda av jakt, rovfuglar og kanskje sjukdom. Den siste klippedua ein kjenner til vart skoten i 1873 nær Stavanger, men det vart seinare gjort spreidde observasjonar på Rennesøy. Det er blitt rapportert moglege observasjoner fleire gonger på 1900-tallet også, men sidan dei vanlege byduene stammar frå klippedua, kan det like godt vera eventyrlystne fuglar som har teke seg ein tur frå næraste by. Den næraste hekkestaden til klippedua i dag er på Færøyane.


3. Den siste geirfuglen
Geirfuglen (Pinguinus impennis) var ein stor og tillitsfull alkefugl som ikkje kunne flyga. Han kunne minna om ein pingvin og fantest tidlegare over heile Nord-Atlanteren. Her i landet var han vanleg fram til vikingtida, men etter kvart ble han så hardt jakta på at han vart borte. Andre stader var han vanleg til utpå 1500-talet, men også her gjorde ei intens jakt store innhogg i bestanden, og det enda med at arten vart heilt utrydda.
Den offisielle utryddingsdatoen var den 3. juni 1844, då dei to siste kjente geirfuglane vart drepen ved Eldøy på Island. Men kanskje har ikkje soga enda her likevel.
Fire år seinare, ein fin vårdag i 1848, ror 25 år gamle Lauritz Odin Brodtkorb og eit par kameratar frå Vardø ut på jakt. Ute i sundet mellom Vardø og den no freda Reinøya får karane auge på noko som dei først trur er ei gruppe alker. Men desse er mykje større, og dei er fire i talet. Merkeleg nok flyg ikkje fuglane opp, men dei tek til med å kava med vengjene rett framfor båten og dukkar innimellom. På 40 meters hald skyt Lauritz Odin Brodtkorb ein av fuglane. Karane dreg den daude alkefuglen om bord i båten. Dei undrast sikkert, men ser inga nytte i fangsten. Då jaktlaget kjem att til Vardø, let dei berre fuglen liggja i strandkanten, og eit par dagar etter er han borte.
I et seinare brev gav Brodtkorb ei skildring av fuglen. Han var svart og kvit som ei alke, men han var mykje større, som ei ringgås. Framom kvart auga hadde fuglen i følgje Brodtkorb ein kvit flekk, noko som er eit tydeleg særdrag ved geirfuglen. Seinare vart han synt fargeplansjar der han kunne stadfesta at det var geirfugl dei hadde skote denne vårdagen i 1848, fire år etter det siste offisielle funnet av geirfugl.


4. Den siste kornspurven
Tidligare ruga kornspurven (Miliaria calandra) fleire stader på Jæren og det fantest også ein liten koloni på Lista på slutten av 1800-talet. Men så tok arten til å gå attende over heile Europa. Grunnen var først og fremst nye driftsformer i jordbruket. Kornspurven rugar på dyrka mark i juni, noko som gjer at reira vert øydelagde i slåtten. I tillegg kom bruken av insektmiddel, som byrja å bli meir intens i første halvdelen av det førre hundreåret. Det siste norske reirfunnet av kornspurv vart gjort i 1926, medan det som truleg var eit hekkende par vart observert i 1928. Sannsynlegvis vart det også sett eit hekkande par i 1939 . Sidan har det også vore fleire observasjonar og teikn som kan ha tyda på hekking, men det finst ingen prov på dette.


5. Den siste glenten
Glenten (Milvus milvus) har alltid vore uvanleg i Noreg, men fantest jamnleg på søraust-landet på 1800-talet. Glenten er ein rovfugl som er om lag like stor som ein hønsehauk, ein fugl han også liknar på, berre at han har ei kløft i halen. Arten ruga sannsynlegvis fleire stader i nærleiken av Halden inntil ca.1890, men det er også mogleg at han ruga i Nordmarka ved Oslo i 1880-åra. Sidan minka han sterkt både her og i Europa, men no ser det ut til at han er i vekst på kontinentet att. Det siste eksemplaret vart skote her i landet i Bjerkreim 1943. Det er blitt observert glente nærare 80 gonger i Sør-Noreg etter 1900, men det er altså ikkje blitt gjort funn av reir. Arten hekkar i Sør-Sverige.


6. Den siste menneskeloppa
Menneskeloppa (Pulex irritans) vart stort sett borte då folk slutta å bruka halm i sengene sine. Før dette var nok loppa til stor plage for folk flest, sjølv om ho vart sett på som ei uunngåeleg plage. Lopper var greitt, men det var som regel større skam å vera heimsøkt av lus.
Idag er menneskeloppa helt utdøydd her i landet. Dersom nokon idag vert biten av ei loppe, er det nok den mykje mindre fugleloppa (hønseloppa) som reint tilfeldig prøver å bytta ut fugleblod med menneskeblod, men det kan også henda at me blir bitne av kattelopper, pinnsvinlopper eller andre artar. I alt er det funne 17 loppeartar som meir eller mindre tilfeldig har stukke folk her i landet. Det kan nok derfor henda at det før i tida også var andre lopper enn menneskeloppa som plaga folk med bitt. Me har diverre ingen prøver frå sengehalmen i gammal tid som kan syna oss hvor utbreidd den eigentlege menneskeloppa var. Den eldste konserverte eksemplaret av ei norsk menneskeloppe er frå 1906-07 og syner dermed at menneskeloppa verkeleg har vore til stades i norske senger. De siste funnet som er gjort her til lands er frå 1948.

Kilder: Norges Dyr. Cappelen 1969 og 1992
Haftorn, S.: Norges fugler. Universitetsforlaget 1971
Folkevett 7.12.2005

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar