lørdag 3. juli 2010

100 norske handverk

Eg hugsar at den gamle historielektoren min ein gong hevda at det fanst over 100 ulike handverkaryrke her i Noreg fram til industrialiseringa av Noreg starta. Dette tykte eg høyrdest ut som et høgt tal – så mange handverk kunne det då ikkje vera? Sidan prøvde eg å slå opp i ulike kjelder for å finna ei liste over desse handverka. Noka slik liste fann eg aldri, og derfor bestemte eg meg for å prøva å laga henne på eiga hand. Og faktisk klarte eg å registrera nøyaktig 100 ulike handverk, slik som lektoren min sa det skulle vera. Ved å inkludera eit par spissfindige undergrupper kunne eg kanskje i tillegg ha kome til noko i overkant av dette. Men hundre er jo eit fint tal.

1. Angelmakar
Ein angelmakar laga anglar, eller fiskekrokar. Det var to andre handverk som også nytta materiale av metalltråd, nålmakarar og kardemakarar (s.d.). Desse tre faga stod så nær kvarandre at dei som regel var slegne saman til eitt.
2. Ankersmedar
fanst det nokså få av. Som regel var det grovsmedane som tok på seg arbeidet med å smi anker.
3. Apotekarar
Dei første to apotekarane dukka opp i Bergen på 1590-tallet, der det første norske apoteket (Svane-apoteket) vart etablert i 1595. I den første tida vart apotekarane sine hus også ofte nytta som restaurant.
4. Badstumenn
Den viktigaste oppgåva til badstumennene var sjølvsagt å la folk få bada. Sjølv om me i dag snautt oppfattar dette som noko handverk, var denne funksjonen ein gong i tida så viktig at badstumennene fekk privilegium på å driva badstu (eit privilegium var ein særrett ein hadde til å driva ei spesiell næringsverksemd). Elles var badstuene ein stad der folk kom saman for å eta og drikka og å halda bryllaup. I tillegg fuska badstumennene i kirurgfaget og kom då ofte i konflikt med bartskjærarfaget (s.d.).
5. Bakar
Her har det opp gjennom den norske handverkssoga også dukka opp diverse «spesialbakarar», slik som kakebakarar, krumkakebakarar og sukkerbakarar (sjå under konditor).
6. Bartskjærar
Bartskjærarane (eller badskjærarane) var kanskje dei første handverkarane som fekk privilegier her til lands. Utover 1600-talet fekk dei etter kvart namnet barberar. Forutan å klippa hår og skjegg, kunne dei utføra mindre kirurgiske inngrep, trekkja tenner og selja medisinar. Først i 1934 bytta barberane offisielt tittel til herrefrisør.
7. Biletskjerar
Omfattar både treskjerarar og bilethoggarar.
8. Bilthoggar
eller biltsnider var ein treskjerar eller snikkar hadde spesialisert seg på å skjera ut altertavler og anna inventar i kyrkjene.
9. Blekkenslagar
Det var lite lukrativt for dei første blekkenslagarane som dukka opp på slutten av 1600-talet. Det var aldri arbeid for meir enn ein blekkenslagar i dei største byene, og arbeidet gjekk for det meste ut på å laga lykter og anna småarbeid i blekk. Først etter at det vart vanleg med takrenner og anna husbeslag, vart blekkenslagarfaget meir etterspurt.
10. Blokkmakaren
eller blokkedreiaren framstilte først og fremst blokker og taljer til bruk i skip.
11. Bokbindar
Den første norske bokbindaren var truleg Casper bokbindar i Trondheim (ca. 1530), før dette vart bokbinding utført i klostra. Sjølv om det eigentleg var få bøker å binda inn, vart bokbinding ofte eit innbringande fag, truleg av di bokbindarane selde bøker ved sida av.
12. Boktrykkjar
Det første boktrykkjeriet i Noreg vart oppretta i Christiania i 1643. Det var boktrykkjaren Tyge Nielssøn som flytta frå København etter oppmoding frå presten Christen Bang. Dei første trykksakene som vart lagde under pressa her i landet var eit enkesukk på 16 vers, ei vise om den siste dommedagen, samt ei almanakk. Dessverre kom Nielssøn i klammeri med Bang etter berre eit år og måtte reisa attende til København.
13. Brennevinsbrennar
14. Bryggjar
15. Buntmakar
Ein buntmakar klipper til, syr og reparerer klede av pelsverk (sjå også skinnar og fellreiar).
16. Bøkkaren
eller kipparen laga tønner og kar av trestavar. Opphavleg var nok bøkkarane berre tønnemakarar, medan dei som laga bytter og kar vart kalla laggarar (s.d.).
17. Børsemakar
Det var fleire handverkarar som dreiv med støyping av metall, slik som børsestøyparar, børsesmedar, skyttegytarar og rotgytarar. Alle hadde sams at dei vart nytta til å laga våpen, først og fremst børser og kanonar. Men dei kunne også støypa andre ting. Til dømes var det ein skyttegytar som støypte den gamle rådhusklokka i Oslo.
18. Dreiarar
vart ofte også kalla svarvarar. De dreidde oftast i tre (rokkedreiarar, koppdreiarar), men kunne også nytta andre råstoff (beindreiarar).
19. Fargarar
var det truleg få av gjennom mellomalderen, sidan dette vart sett på som ein kvinneleg syssel. Det var først fram mot nyare tid at dette faget vart meir utbreidd.
20. Fassbindaren
var ein tønnemakarar som hadde spesialisert seg på vinfat. Ofte var han på same tid vintappar.
21. Fellreiar
På 1600-talet vart det ein mote å fjerna håra frå dei skinna som skulle nyttast til klede og setja hudane inn med tran (semska skinn). Det var først og fremst hanskar som vart tilverka på dette viset og det vart sett på som eit vanskelegare arbeid enn det som før vart gjort av skinnarane (s.d.). Derfor vart det fellreiarane som etter kvart overtok hanskemakarkunsten. Men i motsetnad til dei spesialiserte hanskemakarane som etter kvart dukka opp, sydde fellreiarane også andre typar klede av skinn.
22. Flaggmakar
Flaggmakarane var ofte også på same tid seglmakarar og kompassmakarar.
23. Garvar
Det å garva lær var frå gammalt av skomakarane si oppgåve, så då dei første garvarane prøvde å vinna fotfeste i Noreg på 1600-talet, var det med lite hell. Skomakarane hadde nemleg fått nedskrive garving av skinn blant privilegia sine, og det var ikkje før på slutten av 1700-talet at garvarfaget og skomakarfaget skilde lag som to separate handverk.
24. Gipsmakar
Det var ikkje uvanleg at murarane var både gipsmakarar og steinhoggarar på same tid.
25. Gjørtlar
Gjørtlarfaget gjekk ut på å støypa ting i metall, mellom anna kyrkjeklokker og gryter. Ofte vart grytestøyping skild ut som eit eige, spesialisert fag.
26. Glassmålar
Det var nok ikkje uvanleg at glassmålarfaget også vart utført av både målarar og glasmeistrar.
27. Glasmeister
Glasmeistarfaget var eit omfattande virke på 1600-talet. Då var vindauga små og med blyinnfatning, i tillegg til at dei ofte vart måla og deretter brende for å herda emaljefargane. Dersom dette arbeidet ikkje vart utført av eigne glassmålarar, gjorde dette at glassmeisteren hadde nok å hengja fingrane i, ikkje minst sidan det på denne tida vart meir og meir utbreidd at vanlege borgarar fekk glasvindauge i husa sine. Men etter kvart som blyinnfatninger vart umoderne og glashandlarane skar til glasa sjølve, vart glasmeisterfaget mindre omfattande og mindre lukrativt.
28. Glasslipar
29. Grytestøypar
(sjå og gjørtlar)
30. Gullsmed
31. Hanskemakar (inkl. vantemakar)
32. Harniskmakar
Ein harniskmakar laga rustningar og arbeidde då helst ved slottet. Platene til rustningane kunne også lagast av plattenslagaren (s.d.).
33. Hattemakar
Eg har ikkje funnet nokon Jørgen i kjeldene.
34. Hjulmakar
Hjulmakarane var ofte også vognmakarar (s.d.).
35. Hovslagar
Ein hovslagar var rett og slett ein smed som hadde spesialisert seg på å sko hestar.
36. Instrumentmakar
Ein instrumentmakar lagar ulike slag tekniske instrument og dukka derfor ikkje opp her i landet før i overgangen til industrialiseringa.
37. Kammakar
Kammakarfaget er eit av dei eldste handverka i Noreg. Kammane vart laga av bein eller horn.
38. Kannestøypar
Kannestøyparane vart ofte kalla tinnstøyparar. Ved sida av kanner laga dei også heile bordservise i tinn.
39. Kardemakar
Ein karde var ei plate med tettsitjande nåler som vart nytta til å kamma ull. Ofte var kardemakarane også nålemakarar eller angelmakarar (s.d.), sidan alle disse faga gjekk ut på å bruka tynn metalltråd som basis for arbeida.
40. Kattuntrykkjar
Kattuntrykking gjekk ut på å trykkja farga mønster på tøy ved hjelp av trestempel. Ofte vart dette arbeidet utført av fargarane.
41. Kistemakar
Det var nok få snikkarar her til lands som hadde spesialisert seg på å vera kistemakarar. Berre ein er nemnd i kjeldene, nemleg Thomas kistemakar på Bryggen i Bergen i 1520.
42. Klokkestøypar
Sjå også under gjørtlar og børsemakar.
43. Knappemakar
Knappemakarane laga knappar av tråd som vart spunne kring ei indre kjerne og var truleg ikkje det same som knappestøyparar. Me kjenner ikkje til egne knappestøyparar her til lands, så dette arbeidet vart truleg gjort av gullsmedane og gjørtlarane.
44. Knivsmed
45. Kompassmakar
Sjå flaggmakar.
46. Koparslagar
kunne også gå under namnet kjelesmed eller koparsmed.
47. Konditor
Den første konditoren, som på den tida helst vart kalla sukkerbakar, kom til landet i 1680.
48. Kontrafeiar
Dette var ei spesialisering av målarfaget. Kontrafeiarane vart ofte nytta som portrettmålarar og til finare dekorativ måling.
49. Korgmakar
Dette var truleg et sjeldsynt fag i Noreg. Me kjenner berre til Nils Pedersøn korgmakar frå Oslo.
50. Lademakaren
laga kanonlavettar og arbeidde dermed helst for festningane.
51. Laggar
Lagging var å laga tønner og bytter med rette stavar. Me veit ikkje om bøkkarane samstundes også dreiv med lagging, men det var jo sannsynleg. Det er ikkje nemnd nokon som har spesialisert seg som laggarar i den norske handverkssoga, men det er nokså rimeleg at slike likevel fanst.
52. Linheklar
Det er ikkje heilt klart om linheklaren berre hekla lin eller om han utførte anna arbeid med lin.
53. Litograf
Det ser ikkje ut til at litograffaget dukka opp her i landet før heilt på slutten av den perioden me omtalar her.
54. Ljåsmed
Sjå under angelmakar.
55. Lysestøypar
56. Målar
57. Murar
58. Myntar eller myntslagar

Som oftast var det gullsmedar som vart tekne i kongen si teneste som myntarar eller myntmeisterar.
59. Møllar
Det å mala korn til mjøl vart normalt ikkje sett på som eit handverk, sidan dette var noko kvar bonde kunne utføra på gardane sine. Men her må ein skilja mellom kverndrift og mølledrift, der det å ha ansvaret for ei av dei store møllene vart sett på som eit fag med privilegier.
60. Naglesmed
Det er usikkert om det fantest eigne naglesmedar her til lands, sjølv om det var forordna meisterprøve i faget.
61. Nålemakar
Sjå under angelmakar.
62. Overskjerar eller klippar
Slik det går fram av namnet, jobba overskjeraren (klipparen) i tekstilbransjen, men ikkje med å skjera til eller klippa opp tøyet. Det var det skreddaren som gjorde. Arbeidet til overskjeraren var å klippa av overflødig lo frå nyfarga klede og sidan selja dette produktet.
63. Parykkmakar
Parykkar var mote på 1600-talet, og dermed vart parykkmakarfaget ein av dei største profesjonane i byane på 1600-talet.
64. Perlestikkar
Dei pompøse draktane kunne vera strødde med perler og edelsteinar, og det var her perlestikkaren kom inn i biletet. I 1645 var det bare ein perlestikkar i Bergen, men han hadde til gjengjeld nok å gjera.
65. Plattenslagar
Se under harniskmakar.
66. Possementmakar
Possement er eit samlenamn på trådarbeid som er omspunne med silke, ull, gull- eller sølvtråd o.l. Dette vart nytta til lisser, snorer og frynser. Motane på 1600-talet gjorde at possementmakarane var like etterspurde som parykkmakarane og perlestikkarane.
67. Postmakar
Postmakaren jobba for vassverka i byane og hadde som hovudoppgåve å laga handdrivne vasspumper eller vasspostar.
68. Pottemakar
69. Pungmakar
Pungmakar og taskemakar var bare ei spesialisering av skinnarfaget, og det er usikkert kor langt denne spesialiseringa gjekk her til lands. Det er i alle fall nemnd ein Hans taskemakar i Bergen i 1586.
70. Reimesnidar
Reimesnidaren var også ein skinnspesialist som laga reimar til seletøy o.l. Det har vore nokre få som har kalla seg reimesnidarar her til lands, men dette faget vart nokså snart oppslukt av salmakarfaget.
71. Reipslagar
72. Salmakar
Utanom å laga sal og seletøy til hest (jfr. reimesnidar), hende det også at salmakarane fungerte som tapetserarar og møbelstopparar.
73. Seglmakar
74. Skinnar
Slik namnet kan tyda på, laga skinnarane ulike arbeid i skinn. Etter kvart dukka det opp ulike spesialiseringar av faget (sjå t.d. fellreiar, hanskemakar, reimesnidar og pungmakar).
75. Skipsbyggjar
76. Skjoldmakar
77. Skjerslipar

Skjersliparen slipte sakser. Han måtte først gå i lære hjå ein overskjerar i eitt år. Grunnen til dette var at overskjerarane nytta spesialsakser som kravde ein del meir vedlikehald enn vanlege sakser.
78. Skomakar
Tidlegare i mellomalderen kalla ein skomakarane for sutarar. På slutten av 1500-talet kom det til ei spesialisering i skomakarfaget, slik at det vart ein del som bere arbeidde som skolapparar (lappeskomakarar) eller skoflikkarar.
79. Skreddar
80. Skriftmeister
Skriftmeisteren var bokskrivar og bokillustratør. Best kjenner me nok innsatsen i klostera når det gjeld produksjon av illustrerte (illuminerte) manuskript.
81. Skruemakar
82. Slaktar
83. Smed

Vart ofte kalla jernsmed for å skilja profesjonen frå gullsmedfaget, koparsmedfaget og andre. Nokre gonger vart smedane delt inn i grovsmedar og kleinsmedar etter storleiken på produkta dei laga.
84. Sporemakar
Utanom å laga sporer til ridestøvlar, kunne sporemakarane også laga beitsle, trinser, stigbøylar o.l. Men dette var arbeid som også kunne utøvast av ein kleinsmed.
85. Steinhoggar
86. Stolmakar
87. Sverdfeiaren

monterte sverd, kårdar og andre handvåpen.
88. Sverdslipar
89. Såpekokar
90. Teglbrennar
91. Tobakksspinnar
92. Torvmenn
var bygningshandverkarar som la torvtak eller utførte andre arbeid der torv var bygningsmateriale.
93. Treskjerar
94. Tømmermenn
Her kunne det vera ein del spesialisering, der det kunne opptre t.d.. hustømmermenn, skipstømmermenn, sagbyggjarar, møllebyggjarar, tårnbyggjarar m.fl.
95. Urmakarar
eller klokkemakarar som han oftare vart kalla på bygdene, kunne delast inn i storurmakarar og småurmakarar. Urmakaryrket var eigentleg ei spesialisering av smedfaget!
96. Vevar
97. Vintappar

Dette høyrest ut som eit enkelt handverk!
98. Vognmakar
Vognmakarfaget var ofte slått saman med hjulmakarfaget, men profesjonen fekk etter kvart eit endå vidare omfang. Det vart etter kvart vanleg med karjolar og andre køyretøy med kostelege utskjeringar, slik at vognmakarfaget etter kvart kom til å grensa opp til biltmakarfaget. Fleire hjulmakarar/vognmakarar hadde følgjeleg borgarskap i begge faga. I mange innlandsbygder vart vognmakarane naturleg nok ofte kalla for sledemakarar.
99. Våpensmed
100. Åremakar


...og det var det!


Kjelde: Sigurd Grevenor (red.): Det norske håndverks historie. 2B. Oslo 1936.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar