søndag 11. juli 2010

10 norske geografirekordar ein sjeldan ser

I denne bloggen vil du ikkje finna lister over Noregs høgaste fjell, landets 10 største innsjøar eller dei 10 lengste elvene. Dette er først og fremst fordi eg reknar desse som lette å finna fram til. Derimot vil eg her gjerne dra fram i lyset nokre geografiske ytterpunkt som elles ikkje er så mykje omtala.

1. Djupaste elv
Nidelva er på sitt djupaste ved Hyttfossen i Klæbu med 99 m og er med dette landets djupaste elv.

2. Lengste underjordiske elv
I Jarbrudalen i Saltdal kommune renn elva Rusåga lange strekningar under jorda i det som skal vera Noregs lengste underjordiske løp.

3. Største aude øy
Øya Silda i Loppa (48 km²) har ingen fastbuande, og dermed landets største aude øy.

4. Høgaste fjell utanom fastlandet
Andørja (Ibestad kommune, Troms) er Noregs fjellrikaste øy. Her ligg også Skandianvias høgaste fjell utenom fastlandet, nemlig Langelitind på 1277 m.o.h. For å finna det nest høgaste må me til Møysalen på Hinnøya (1262 m.o.h.). Men dersom ein også inkluderer Jan Mayen, vert Beerenberg (2277 m.o.h.) ein klar vinnar.

5. Største innsjø utanom fastlandet
Den største innsjøen som ligg på ei øy er Skogsfjordvatn på Ringvassøy i Karlsøy kommune (13,62 km²).

6. Største jettegryte
Helvete er namnet på minst 10 jettegryter som ligg lengst sør i Espedalen i Gausdal. Dei vart danna den gongen Vinstravassdraget gjekk gjennom dette dalføret. Den største jettegryta, som då også vert den største i landet, er ca. 60 meter djup og har eit tverrmål på ca. 20 meter.

7. Nordlegaste isbre (ekskl. Svalbard)
Seilandsjøkelen (14 km²) på øya Seiland, Finnmark (Hammerfest, Alta og Kvalsund kommunar) er den isbreen som ligg lengst mot nord på det norske fastlandet. Han minkar stadig, og vil nok vera borte innan nokre år.

8. Høgast liggjande vatn
Gjuvvatnet, Lom, ligg på 1837 meter og er med dette det vatnet som ligg høgast over havet i Noreg. Det er 0,46 km² stort. Det finst likevel eit par-tre andre mindre namnlause dammar (under 0,01 km²) på høgder over dette. To av desse ligg også i Lom, medan den dammen som ligg aller høgast finn ein på 1995 m.o.h. ved Tjørnsholtind i Vågå kommune.

9. Høgaste gatenummer
er Storgata 579 i Moelv (Ringsaker).

10. Høgaste vegnummer
er Holeveien 2215 i Hønefoss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar