fredag 9. juli 2010

10 norske frimerke-"førster"

Naturlegvis burde eg her også nemna det første frimerket som vart gitt ut her til lands, nemleg det utakka blå 4-skillingsmerket frå 1855. Hermed er det gjort.


1. Første person som vart avbilda på eit norsk frimerke
var Kong Oscar I på ein frimerkeserie frå 1856/57. Det vart i alt gitt ut fire ulike merke i denne seiren med valørane 2, 3, 4 og 8 skilling.

2. Første ikkje-kongelege person som vart avbilda på eit norsk frimerke
Det første frimerket som avbilda ikkje-kongelege personar var reproduksjonen av maleriet frå Riksforsamlinga på Eidsvoll, utgitt ved 100-årsjubileet i 1914. Men den første ikkje-kongelege som vart framstilt på eit frimerke i kraft av sin eigen person vart Henrik Ibsen (10, 15, 20 og 30 øre). Merka vart gitt ut i 1928 for å markera at det var 100 år sidan diktaren vart fødd.


3. Første avbilda levande person (utanom kongelege)
var Vidkun Quisling som kom på frimerke i 1942 (20+30 øre). Elles er den første levande ikkje-statsleiar som vart avbilda på eit norsk frimerke ein idrettsutøvar. På to av merka som kom ut i samband med OL i Oslo 1952 finn ein realistiske portretteringar av ein skihoppar og ein skøyteløpar, men det skal visst ikkje finnast oppysningar om kven desse skal førestilla. Det vert også påstått at det er spydkastaren Egil Danielsen som er avbilda på 20-øresmerket utgitt i samband med jubileet til Norges Idrettsforbund i 1961. Men motivet er nok altfor stilisert til at ein kan ta omsyn til denne påstanden. Dermed vert den første levande og samtidige personen som er framstilt på eit norsk frimerke Magne Myrmo på det blå merket frå Holmenkoll-jubiléet i 1979.


4. Første kvinne på eit norsk frimerke
var Dronning Maud i 1939 i ein serie på 4 merke utgitt til inntekt for Dronning Mauds hjelpefond.


5. Første ikkje-kongelege kvinne på eit norsk frimerke
Før den første norske kvinna vart feira med eit frimerke var det blitt gitt ut fleire merke med avbildingar av namnlause kvinner, m.a ei kvinne med rokk og ei mor med barn på frimerkeutgåvene for Landshjelpen 1944. I tillegg finn ein eit portrett av ei ukjent sjukesøster på jubileumsmerket for Røde Kors 1945. Det var ikke før i 1963 at den første ikkje-kongelege kvinna fikk namn og portrett på eit norsk frimerke. Då vart 150-årsjubileét for Camilla Collett markert med to merke på 50 og 90 øre.


6. Første fleirfarga frimerke
I 1957 kom det første norske frimerket som var trykt i to fargar. Det markerte det Internasjonale geofysiske året 1957-1958 og synte eit kart over Antarktis. Frimerket er lyst grønnblått, med dronning Maud land avbilda grågrønt. I 1960 kom så det første merket med tre fargar. Det var eit blåveismotiv i lys blått, ultramarin og olivengrønt. Dei første verkeleg flerfarga frimerka var ein blomsterserie frå 1973, med avbildningar av fjellfiol, bergveronika og blålyng.



7. Første frimerke med nynorsk tekst
var merket utgitt i 1963 for å markera at det var 150 sidan Ivar Aasen vart fødd. To merke vart utgitt (50 og 90 øre), begge bar landsnamnet Noreg.


8. Første sjølvklistrande frimerke
var julefrimerka frå 1997. Det var eit frimerkehefte med primstavmotiv, laga av Enzo Finger.


9. Første geografiske lokalitet avbilda på eit norsk frimerke
Dersom ikke innsida av Eidsvollsbygningen skal reknast som eit geografisk motiv (1914), var Nordkappplatået den første norske lokaliteten som vart avbilda. Dette motivet kom i fleire serier, første gong i 1930.


10. Første bygning avbilda på eit norsk frimerke
Dersom me også her ser bort frå innsida av Eidsvollsbygningen, var Nidarosdomen den første bygningen som vart avbilda på eit norsk frimerke. Dette skjedde i 1930 i samband med at det var 900 år sidan Olav den heilage fall i slaget på Stiklestad.

1 kommentar: