søndag 25. juli 2010

10 framande dyreartar som er blitt introduserte i norsk natur

Som dei fleste nok veit, er det blitt gjort fleire meir eller mindre vellukka forsøk på å føra inn dyreartar til nye område. Tidlegare, då den økologiske kunnskapen var mykje mindre enn i dag, kunne dette få katastrofale følgjer. Det klassiske eksemplet er då kaninen vart introdusert i Australia – truleg som eit potensielt jaktbytte for utflytta engelskmenn. Etter kvart spreidde kaninane seg som ei bibelsk landeplage og øydela all plantevekst der dei kom. Det var ingen rovdyr som kunne halda dei australske kaninane i sjakk, og katastrofen fann ingen utveg før sjukdommen kaninpest (myxomatose) vart innført for å redusera bestanden.

Det er heldigvis ingen av dyra som er introdusert i norsk natur som har nærma seg dei same konsekvensane. Det kan rett nok seiast at eit dyr som t.d. minken har spreidd seg på kostnad av andre arter som høyrer til i det same økologiske leverommet (t.d. oter). Men ein har aldri medvite sett ut mink i norsk natur, sidan heile den norske bestanden stammar frå rømde eksemplar. I dei tilfella der ein med vilje har freista å setja ut framande dyr her i landet har suksessen, og med dette også dei negative konsekvensane, stort sett uteblitt.


1. Pingvinar
Det skulle ikkje vera noko i vegen for at pingvinar kunne overleva langs de nordlegaste delane av kysten vår, særleg om tilgangen på mat var stor nok, eller dersom det var råd å finna høvelege rugeplassar. Det var nok slik dei tenkte dei som freista å setja ut kongepingvinar (Aptenodytes patagonicus) i Nordland og Finnmark i 1936. Då vart 4 fuglar sende til Røst, medan 6 pingvinar skulle få ein ny heim i Gjesvær ved Nordkapp. Men fuglane, som eigentleg høyrer naturleg til på m.a. Falklandsøyene, Sør-Georgia og andre øyar i Antarktis, mista truleg livet i løpet av nokre månader. Det er likevel ikkje sikkert når dei siste forsvann. Dei seinaste observasjonane av pingvinar vart gjorde i Vesterålen 1943-44, men dette kan også godt vera ein av dei følgjande artane.
Det vart nemleg også gjort forsøk på å setja ut bøylepingvin (Pygoscelis papua) eit par år seinare. Fuglane var fanga på Sør-Georgia og sende til Tjøme i 1938, og derfrå vart dei frakta vidare til Røst. Dessverre døydde dei fleste i fangenskap på Svinøy, truleg av skjemd fisk. Dei fire attverande vart sette ut, men desse døydde sannsynlegvis også nokså raskt. Det vart sett levande pingvinar ved Røst i september 1939, men dette kan også dreia seg om eksemplar av gulltoppingvin (Eudyptes chrysolophus). Det vart sett ut 11 eksemplar av denne arten ved Røst same året, men desse overlevde også berre kort tid.

2. Gemse (Rupicaria rupicaria)
I Europa finst det gemsar naturleg i fjellområda i Mellom-Europa frå Kaukasus til Pyreneene. Gemsen er ei fjellgeit som sikkert godt kunne ha klart seg i norske fjell. Derfor har ein også prøvd å innføra arten til Noreg ved to høve, første gong i 1862. Då vart det henta sju gemsar frå Bayern til Håkenes i Vestfjorddalen, Tinn i Telemark. Av desse var det to som døydde på reisa, mens endå to døydde i Noreg før dei var blitt sette ut. Dermed var det tre stykke att som vart sleppte laus våren 1863. Men det synte seg at innan den same hausten var alle tre daude. I 1891 vart endå to gemsar kjøpte inn frå Austerrike til garden Berger ved Eidsvoll, men desse døydde før dei kunne setjast ut.

3. Mink (Mustela vison)
I motsetning til både pingvinar og gemsar er minken ein art som har hatt stor suksess med å etablera seg i den norske naturen. Idag finst han over heile landet, bortsett frå einskilde øyar. Minken har sin naturlege og opphavlege levestad over heile Nord-Amerika, og vart introdusert til Noreg som pelsdyr i 1927. Alle bestandane her i landet stammar frå rømde individ. Den første ville minkstamma vart rapportert frå Sunnhordland ca. 1930.

4. Regnbogeaure (Salmo gairdneri)
Regnbogeauren var frå først av utbreidd over heile Nord-Amerika, men nå er han blitt spreidd over så godt som heile kloten som ein av dei mest populære sportsfiskane i verda. Norsk klekking og utsetjing av denne arten byrja i 1908, og sidan er han blitt sett ut i dei fleste kommunane. Men det er berre i Oppdal i Sør-Trøndelag at ein kjenner til at det er oppretta ein fast bestand. Av lakseefiskar elles er det også sett ut pukkellaks, canadarøye og bekkerøye. Dei to siste artane har levedyktige bestandar i fleire vatn i Noreg.

5. Villsvin (Sus scrofa)
Det var ikkje uvanleg at steinaldermenneska jakta på villsvin her i Noreg. I historisk tid har villsvinet i tillegg vore vanleg over heile Mellom- og Sør-Europa, men no er arten utrydda mange stader. Det er blitt gjort forsøk fleire gonger på å føra inn villsvin på ny i her i landet. I 1886 kom det eit par frå zoologisk hage i Berlin til godseigar Hanneborgs eigedom i Høland. Desse to treivst godt og formerte seg kraftig. På det meste kunne Hanneborg og jaktkameratane hans nyta godt av 30 dyr på det meste, heilt til dei to siste vart skotne i 1902. I dag er arten sett ut i Sverige, og det vil nok sikkert snart spreia seg villsvin over på den norske sida av grensa. Det skal vera gjort fleire observasjonar av arten i de søraustlegaste delane av landet, men desse er ikkje stadfesta.


6. Dåhjort (Dama dama)
Dåhjorten skal visstnok ha eksistert i Mellom-Europa, men han forsvann herifrå i tidleg historisk tid. Nå finst han i opphavleg vill tilstand i Vesleasia og det nære austen. Me veit ikkje når dåhjorten vart innført til Noreg, men i 1745 vart det halde eksemplar av arten i ein dyrehage på Kalvøya ved Stavanger. Vi veit for sikkert at det vart innført dyr til Hankø og Rauøy (1901-02) i Oslofjorden, deretter frå Hankø til Skorpøy sør for Bergen (1904) og til Hurdal (1903 og 1907). I 1924 vart det overført dyr frå Hankø til Fritzöehus ved Larvik. Dyra ved Hurdals verk rømde, medan dyra på Vestlandet forsvann etter første verdskrigen, venteleg grunna krypskyting. I dag lever dåhjort vilt ved Hankø/Onsøy og i Skjeberg/Isesjø-området i Østfold. Dessutan finst det 60-70 dyr i Fritzöehus-parken. På Svanøy i Sogn og Fjordane har det blitt halde dåhjort i fangenskap sidan 1991. Men arten må ha kunstig foring for å overleva i Noreg.

7. Ilder (Mustela putorius)
Ilderen fanst truleg naturleg i norsk fauna fram til 1700-talet. Sidan er han også blitt funnen her i landet i 1916, men dette dreier seg truleg om eit eksemplar som er kome frå Sverige der arten førekjem naturleg. Det fantest ingen ilderfarmar i Noreg før 1950, men etter dette dukka det opp fleire. Dette førte til at ein del dyr rømde og prøvde å etablera seg i den norske naturen. I Søraust-Noreg finst det ein mindre ilderpopulasjon som nok stammar frå rømde dyr.

8. Kanin (Oryctolagus cuniculus)
Kaninen finst naturleg berre i Portugal, Spania, Sør-Frankrike og nordvest-Afrika. Han er likevel introdusert til dei fleste landa i Europa, mellom anna Norge. Her i landet vart han sett ut første gongen i 1875 på Fedje i Hordaland, da det vart innført 10 par frå Shetland. Seinare vart det sett ut kaninar også på Mølen i Oslofjorden (1899) og på Edøy utanfor Smøla (1902). Mølen-kaninane er borte, men det finst framleis ein livskraftig populasjon på Fedje. Elles er det mange tamkaninar som har blitt sleppte fri gjennom åra, men det ser ikkje ut til at nokon av desse greier å overleva i lengre tid. Opphavleg vart nok kaninane sett ut for at ein skulle ha eit ekstra jaktobjekt, men i dag er kaninane faktisk freda her til lands. Og det er ikkje rapportert store skadar frå kaninar her i Noreg, slik ein har opplevd i fleire andre land der kaninar er blitt sette ut.

9. Moskus (Ovibos moschatus)
Moskusfeet levde naturleg i Norge i siste mellomistid, for 100 000 år sidan. Nå lever arten vilt på Grønland og i Nord-Amerika. Det første forsøket på innføra arten på ny til Noreg vart gjort i 1924. Då henta ein 11 dyr til Møre. Denne flokken døydde likevel snart ut, og det vart gjort eit nytt forsøk i 1931. Då vart 10 dyr frakta til Ålesund og så til Hjerkinn, og to av desse vart førde til Dovre i 1938. Nokre av desse overlevde til slutten av krigen, men dei dyra som lever på Dovre i dag stammar frå 15 kalvar som vart innførde frå Grønland i 1953. Denne stamma auka sakte fram til midten av 60-talet, då han var på om lag 20 dyr. I dag er det ca. 100 dyr i moskusstamma på Dovre.

10. Kanadagås (Branta canadensis)
Kanadagåsa er ein nordamerikansk art som vart sett ut i Sverige i 1930, først og fremst for å skaffa eit nytt jaktobjekt. Denne svenske bestanden er grunnlaget for heile den skandinaviske populasjonen av kanadagjess, og dei første eksemplara vart henta derifrå i 1936. Frå midten av 60-talet auka utsetjinga. Då vart det sett ut minst 750 kanadagjess i alle fylka bortsett frå Oppland. I dag hekkar det ca. 1500-2000 par i Noreg. Det vart opna for jakt på kanadagås i 1986, og frå 1992 kan ein jakta på han over heile landet. Likevel vert det ikkje skote nok gjæser, og ein må difor punktera egg fleire stader for å halda bestanden nede.

I tillegg til lista ovafor kan det nemnast at den vanlege husmusa er innført til Noreg ved hjelp av menneske. I naturleg tilstand lever husmusa på stepper og i halvørkenar i Nordvest-Afrika og frå Spania aust til Ural. Ho er blitt spreidd via handelssamkvem over store deler av verda. Det same gjeld brunrotta, som har sitt opphavlege leveområde i Sibir og Kina der ho lever ute i det fri. Brunrotta kom til Noreg med skip ca, 1750 og utkonkurrerte etter kvart den innfødde svartrotta.

(Kjelde: Tømmerås, B.Å. (red.) 1995. Introduksjoner av fremmede organismer til Norge. - NINA Utredning 62: 1-141)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar